- når du treng fornying -
Reset Frisør ligg flott til med vakker utsikt ved fjord, fjell og bygda Sørbøvåg.
Salong namnet Reset har to tydingar. I tillegg til å vere eit lokalt stadnamn, er det og meininga å gje deg som kunde «tilbakestilling» og «fornying».
Eg legg stor vekt på å oppretthalde og utvikle fagleg kunnskap. Dette gjennom å delta på kurs og faglige samlingar, samt produktinformasjon frå leverandørar som salongen brukar, og kan tilby deg som kunde. Varer frå desse produsentane vært nytta: Paul Mitchell, Moroccanoil, Cutrin, REF og Mineralogie.
Syslar og med foto i forbindelse med hår-prosjekt og har eit lite kundegalleri.
Reset skal vere ein trivelig møteplass som bidreg til eit levande lokalmiljø. Eg vil alltid gjere mitt beste for å gje deg eit resultat du er godt fornøgd med.
Mandag, Onsdag | 09.00 – 16.00 |
Tirsdag, Torsdag | 12.00 – 20.00 |
Fredag | 09.00 – 15.00 |
Annankvar Laurdag | 09.00 – 15.00 |
Reset Frisør AS vart stifta i 2015 i nye lokalar og med ny organisering. Salongen er ei vidareføring av mitt tidlegare enkeltmanns føretak, Jofrids Frisørstove.
Eg eig og driv Reset Frisør AS. Utdanninga mi tok eg ved Frisørlinja i Høyanger i 1987-1989. Læretida var på Centrum Frisør på Voss, og Svennebrev vart teke 15.04. 1991. Deretter jobba eg ved Centrum Frisør, fram til oppstart av eigen salong i 1992.