Grøne frisørar

Grønn Frisør er ein slags sertifisering med strenge retningslinjer mht. helse og miljø. Det er Fagforbundet og Frisørenes Fagforbund som har utvikla dette konseptet som skal vere eit allergifritt og eit mer miljøvenleg alternativ for frisørar. I grøne salongar skal det tilbydast behandlingar der produkta som nyttast er fri for følgjande kjemiske stoff:

  • Formaldehyd og formaldehydfrigjerarar
  • Hydroquinone
  • Stoff med aminophenol
  • P-phenylenediamine eller PPD eller paraphenylenediamine
  • Toluene-2,5-diamine sulphate
  • Toluene-2,5-diamine
  • Methylchloroisothiazolinone
  • Methylisothiazolinone
  • Stoff med resorcinol
  • 1-naphthol
  • Alle parabenar

Salongane skal også følgje ei liste med skjerpa krav i høve til arbeidsmiljø og miljøomsyn. Grøne frisørsalongar skal halde ein god miljøprofil i høve til avfallshandtering, samt bruk av vatn og andre miljøomsyn. Frisørar som arbeidar på grøne salongar skal vere bevisste i sitt arbeid – kva skader enkelte produkt kan forårsake og gi råd og informasjon til sine kundar. Grøn Frisør er eit sunnare alternativ for kunde, frisør og miljø. Sjå etter «Grøn Frisør» logoen! Du finn den hjå Doris Frisør!